Regnskap



Rekneskapet ditt er eit viktig verktøy som gir god oversikt over bedrifta sin økonomiske situasjon i tillegg til å legge grunnlag for gode beslutningar i framtida. Du avgjer sjølv kor mykje du ønskjer å nytte deg av våre tenester og i kva grad du vil bidra sjølv. Får vi alt som høyrer til rekneskapet fører vi det slik det kan brukast i drifta. Du kan levere papir-bilag, scanne eller la oss importere filer. Du kan også få tilgang til rekneskapet for å jobbe med tala på ditt eige system - uansett kvar du måtte befinne deg - heile døgnet.

Fakturering



Vi utfører fakturering og lønnskøyring for våre kundar. Lar du oss ta faktureringa kan du fokusere på utvikling og vekst i bedrifta di. For mange er fakturering og rekneskapsarbeid krevande oppgåver som tek fokuset vekk frå kjerneoppgåvene og legg ei større byrde til kvardagen. Særlig i startfasen er man ofte meir sårbare og då kan det vere smart å ha ein sparringspartner som kan ta heile eller delar av jobben.

Har du spørsmål eller vil vite meir? Ta kontakt med oss!

Lønn



Regelverket rundt lønn er i stadig endring. Derfor er det vanskeleg for små bedrifter å halde seg oppdatert på nye lover og forskrifter. Dette er ein viktig grunn for at det lønner seg å overlate heile, eller delar av arbeidet med lønn til oss. Våre rekneskapsførarar og rekneskapsmedarbeidarar er til ein kvar tid oppdatert på endringar i lover og regler som gjeld lønn. Får vi grunnlaget for lønna køyrer vi denne og sender ut lønnsslipper, A-melding og utbetalingsliste for nettolønn og skattetrekk.

Med ei effektiv lønnshandtering får bedrifta frigjort tid til å fokusere på sine kjerneaktivitetar.

Budsjettering



Når vi utfører budsjettering skjer dette i nært samarbeid med kunden. Vi utarbeider realistiske og ansvarlige budsjett for neste år som vi sett inn i rekneskapet. Budsjettering er ein nyttig reiskap for virksomheita kvar man til ein kvar tid kan halde oversikt over dei ulike talla. Vi gjer all informasjon tilgjengeleg for våre kundar når dei ønsker dette.

I tillegg til budsjettering utfører vi også alle andre tenester som forventes av ein autorisert rekneskapsførar. Dette inkluderer blant anna rekneskap og rapportering, utbetaling av lønn og dokumentasjon til virksomheit og arbeidstakar, fakturering og oppfølging, årsrekneskap og likningspapirer, etablererhjelp og generell rådgjeving.

Rådgivning



Vi har erfaring på moms og skatt- og gir råd om drift for den som ynskjer det. Vi gjer meir enn å føre rekneskapet- vurdering av talla er viktig, og når vi tek ein prat- er det utruleg mange viktige ting som dukker opp. Du er velkomen til gjennomgang av rekneskapet.


Åkre Rekneskap, avd. Fremmerholen